Paul Ottar starta i den nye stillinga 1. oktober. Han kjenner Digi Møre og Romsdal godt frå før, både gjennom arbeidet i Volda kommune og gjennom fleire roller i regionalt og nasjonalt digitaliseringssamarbeid.
Han har mellom anna vore medlem av styringsgruppa for Digi Møre og Romsdal og representant i KS sitt Digitaliseringsutval. Frå arbeidet i kommunal sektor har han også erfaring med anskaffingar og utviklings- og endringsarbeid der teknologi har vore ein viktig mogleggjerar.
Vil byggje vidare på samarbeidet
Då moglegheita i Digi Møre og Romsdal dukka opp, var ønsket om å arbeide meir med samarbeid mellom kommunane ein viktig grunn til at Paul Ottar søkte.
Eg har stor tru på samarbeid om digital utvikling i kommunal sektor. Digi Møre og Romsdal har allereie fått til mykje godt, og eg er glad for å få vere med og byggje vidare på dette saman med kommunane og dei andre som er involverte, seier han.
Digi Møre og Romsdal har over fleire år lagt til rette for samarbeid mellom kommunane, mellom anna gjennom felles initiativ og anskaffingar. Digi Barnevern og arbeid med tryggingstenester for IKT-drift er døme på område der kommunane har samarbeidd om felles behov og løysingar.
Paul Ottar meiner erfaringane frå slike samarbeid gir eit godt grunnlag for vidare utvikling.
Kommunane har mange av dei same behova og utfordringane. Eg trur vi har endå meir å hente på å dele erfaringar, byggje sterke fagmiljø og finne gode løysingar saman.
Teknologi skal støtte tenestene
For Paul Ottar er teknologi først og fremst eit verkemiddel for å utvikle gode kommunale tenester.
Kommunane skal vere gode på å levere trygge og gode tenester innan mellom anna helse, velferd, skule og tekniske tenester. Vi treng ikkje nødvendigvis å løyse alle dei teknologiske utfordringane kvar for oss.
Automatisering, betre bruk av data og kunstig intelligens kan gi nye moglegheiter, men krev også kompetanse, gode data og god styring.
Teknologien er ein mogleggjerar, men kan også bli ein premissgivar. Det viktigaste er at vi tek utgangspunkt i behova i kommunane og tenestene vi skal levere.
Han meiner samtidig at digital utvikling handlar om meir enn teknologi.
Skal vi lykkast med større endringar, må vi halde fram med å byggje tillit og gode relasjonar mellom kommunane. Dette handlar like mykje – og kanskje meir – om organisasjon, kultur og samarbeid som om sjølve teknologien.
Vidare utvikling saman med kommunane
Sekretariatet skal koordinere og leggje til rette for digitaliseringssamarbeidet og bidra til å kople kommunar og fagmiljø på tvers av kommunegrensene. Ei viktig oppgåve er også å bidra til at behova til kommunane blir høyrde når nasjonale løysingar blir utvikla.
Paul Ottar tek med seg sine erfaringar frå kommunal forvaltning, leverandørmarknaden og digitaliseringsarbeid inn i dette arbeidet.
Eg håpar eg kan bidra som brubyggjar og relasjonsskapar. Eg kjenner kommunal forvaltning godt, har innsikt i leverandørmarknaden og trivst godt i skjeringspunktet mellom kommunale fagmiljø og teknologi- og IT-miljø.
Han håpar at vidare samarbeid mellom kommunane kan bidra til større fagmiljø, mindre personavhengigheit, sterkare påverknad på leverandørane, betre avtalar og betre flyt av data mellom digitale løysingar.
Eg kjem inn med mine erfaringar, men også med mykje å lære. Eg er veldig glad for å bli ein del av laget i Digi Møre og Romsdal, og ser fram til å lære, utvikle meg og bidra i den vidare utviklinga av samarbeidet. Det er allereie bygd opp mykje kunnskap og gode relasjonar som eg får vere med og byggje vidare på.
To medarbeidarar i sekretariatet
Sekretariatet i Digi Møre og Romsdal består av Paul Ottar Tornes og Ingeborg Johnsrud Dyrnes. Begge har erfaring frå kommunal sektor og kommunalt samarbeid, og arbeider saman om å koordinere og leggje til rette for digitaliseringssamarbeidet mellom kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi er glade for å ha fått Paul Ottar med på laget. Han kjenner Digi Møre og Romsdal godt frå før, har eit breitt kontaktnett og tek med seg verdifull erfaring frå kommunal sektor. Vi ser fram til å utvikle samarbeidet vidare saman, seier Ingeborg Johnsrud Dyrnes.
Engasjert i e-sport på fritida
Også utanfor arbeidslivet er Paul Ottar engasjert i teknologi, fellesskap og inkludering. Han er styreleiar i Volda E-sport, ein frivillig organisasjon som arbeider for å skape ein inkluderande møteplass rundt dataspel og e-sport.
Gjennom organisasjonen er han med på å leggje til rette for at barn og unge kan oppleve fellesskap, meistring og tilhøyrsle.