Kontaktkonferansen er ein viktig møteplass for dei som arbeider med arkiv og dokumentasjonsforvaltning i kommunane og fylkeskommunen. Årets program spente breitt, og viste samtidig kor tett arkivfaget no er knytt til digitalisering, informasjonsforvaltning, teknologi og organisasjonsutvikling.
Første konferansedag sette mellom anna søkjelyset på arkiv og beredskap, med nasjonalarkivar Inga Bolstad, før ny arkivlov og kva ho betyr for kommunane stod på programmet. Gudmund Valderhaug frå IKA Møre og Romsdal og Kjersti Myro frå Bærum kommune tok deltakarane gjennom både regelverket og dei praktiske konsekvensane for kommunal sektor.
Programmet gav også god plass til diskusjon og erfaringsdeling mellom deltakarane – ein viktig del av ein konferanse som samlar fagmiljø frå heile fylket.
Gratulerer til Årets arkivar 2026
Andre konferansedag starta med utdelinga av prisen Årets arkivar 2026.
Digi Møre og Romsdal gratulerer Inger-Johanne Johnsen i Volda kommune med utmerkinga.
Prisen løftar fram godt arkiv- og dokumentasjonsarbeid i kommunane og fylkeskommunen og synleggjer medarbeidarar som gjer ein viktig innsats for god dokumentasjonsforvaltning.
Inger-Johanne bidrog også i programmet saman med Helga Bøe frå Ulstein kommune, der dei presenterte arkivsamarbeidet på Søre Sunnmøre.
Frå ønskje om meir samarbeid til konkret handling
Digi Møre og Romsdal hadde fleire bidrag på konferansen. Eitt av dei viste utviklinga innan dokumentasjonsforvaltning sidan Kontaktkonferansen i 2024.
Sidan då er det etablert eit regionalt fagnettverk for dokumentasjonsforvaltning, gjennomført innsiktsarbeid og bygd eit felles kunnskapsgrunnlag for vidare samarbeid. Fagnettverket arbeider også med tema som regelverk, kunstig intelligens, kompetanse, faglege standpunkt og regionale samarbeidsprosjekt.
Arbeidet har mellom anna ført fram til prosjektet for felles anskaffing av nye løysingar for dokumentasjonsforvaltning.
Målet er ikkje berre å kjøpe nye system, men å leggje til rette for meir felles praksis, standardisering og samarbeid om forvaltning, kompetanse og tenesteproduksjon på tvers av kommunane.
Prosjektet skal også bidra til å redusere leverandøravhengigheit, styrkje kommunane si forhandlingskraft, etablere felles kodeverk og prosessar og gi eit betre grunnlag for å dele kompetanse og oppgåver.
Digi Møre og Romsdal på ika MR sin kontaktkonferanse. Fra vestre prosjektleder Frank Harneshaug, leder fagnettverket dokumentasjonsforvaltning i Digi MR og nettverksleder Ingeborg Johnsrud Dyrnes
Paul Ottar Tornes
Systema må henge saman
Eit viktig prinsipp i arbeidet er at nye system ikkje skal bli nye, isolerte løysingar.
Prosjektet ser derfor på eit felles arkitektur-, integrasjons- og datagrunnlag på tvers av løysingane. Mellom måla er standardiserte integrasjonar, opne og dokumenterte API-ar og betre tilgang til eigne data på tvers av system. Dette skal også gi eit betre grunnlag for framtidig automatisering og vidare digitalisering.
Felles løysingar kan samtidig gi grunnlag for sterkare fagmiljø, meir felles forvaltning og større påverknad på leverandørmarknaden.
Arkivfaget er i endring
Resten av programmet understreka kor mange endringar arkiv- og dokumentasjonsmiljøa står midt i.
IKA Møre og Romsdal presenterte arbeid med kravspesifikasjonar og IKA-portalen for uttrekk, Sopra Steria tok opp kassasjon i digitale arkivsystem, KDRS/NTNU sette digital langtidsbevaring på agendaen, og Synnøve Standal frå Lillestrøm kommune avslutta konferansen med kunstig intelligens i arkivkvardagen.
Fagnettverket for dokumentasjonsforvaltning peika på fleire av dei same utviklingstrekka. Korleis KI skal brukast og dokumenterast, korleis informasjon skal sikrast over tid, og korleis kommunane kan utvikle felles faglege standpunkt, er blant spørsmåla nettverket vil arbeide vidare med.
Samarbeid gir kraft
Konferansen synleggjorde kor viktig samarbeidet mellom kommunane, fagmiljøa, IKA Møre og Romsdal og Digi Møre og Romsdal er.
Det skjer store endringar innan dokumentasjonsforvaltning, teknologi og organisering, men kommunane står sterkare når kunnskap, erfaringar og løysingar blir utvikla saman.
Det er stor optimisme knytt til den vidare utviklinga av samarbeidet i Møre og Romsdal. Arbeidet med fagnettverk, felles anskaffingar og sterkare samarbeid på tvers viser både vilje og evne til å finne gode løysingar i fellesskap.
Digi Møre og Romsdal takkar IKA Møre og Romsdal for ein innhaldsrik konferanse og for høvet til å delta og bidra frå scena.
Vi set stor pris på å få vere ein del av ein møteplass der fagmiljø frå heile fylket deler erfaringar, utfordrar kvarandre og utviklar nye idear saman.
Takk også til alle innleiarane og deltakarane for to gode dagar i Ålesund.