Fredag den 13. november samla eKommune Sunnmøre til sikkerheitsdag på Eidet skule. Programmet spente frå regelverk og sikkerheit i tekniske anlegg til kunstig intelligens, felles styringssystem og konkrete erfaringar frå kommunane.
For eKommune Sunnmøre handlar sikkerheitsdagen både om kompetanse og om å skape ei felles forståing av utfordringsbiletet.
Digital sikkerheit er eit område der vi er avhengige av å lære av kvarandre og jobbe systematisk over tid. Kommunane har mange av dei same utfordringane, og då gir det meining å samle fagmiljøa og utvikle kompetansen saman, seier Kristin Alvestad, dagleg leiar i eKommune Sunnmøre.
Digital sikkerheit er meir enn IT
Eit gjennomgåande tema gjennom dagen var at digital sikkerheit ikkje lenger berre kan forståast som eit ansvar for IT-avdelinga.
Kommunane har stadig meir teknologi ute i tenestene og den tekniske drifta. Det kan vere styringssystem, sensorar, modem, pumper, ventilasjonsanlegg og anna operasjonell teknologi – ofte omtalt som OT.
Slik teknologi finst mellom anna innan vatn og avløp, bygg og eigedomsdrift.
Utfordringa er at ikkje alt dette nødvendigvis ligg innanfor den tradisjonelle IT-organisasjonen eller er underlagt same styring og oppfølging.
På sikkerheitsdagen vart det peika på at både kommunar, entreprenørar og underleverandørar kan ha mangelfull oversikt over utstyr som er kopla til internett. Det kan til dømes vere modem eller datamaskiner som er sette inn som del av eit teknisk anlegg.
Digital sikkerheit må vere ein del av styringa i heile organisasjonen. Det handlar ikkje berre om teknologi, men også om ansvar, risikovurderingar, rutinar, kompetanse og leiinga si oppfølging, seier Åse Karin Finnøy Gjære, seniorrådgivar innan sikkerheit og beredskap i Ålesund kommune og medlem i KS sitt Fagråd for informasjonssikkerheit og personvern.
Oversikt, herding og testing
Helse- og KommuneCERT bidrog med erfaringar frå arbeidet med kommunale miljø og viste kor viktig det er å arbeide systematisk med kartlegging, herding og testing.
Bodskapen var tydeleg: kommunane må ha oversikt over den digitale infrastrukturen sin og gjennomføre tiltak før noko skjer – ikkje først etter ei hending.
Her er både grunnleggande sikkerheitstiltak, regelmessige testar og oppfølging av funn viktige delar av arbeidet.
Samtidig må sikkerheit byggjast i fleire lag. Dersom eitt tiltak sviktar, skal andre mekanismar bidra til å avgrense konsekvensane.
Tryggleik skal også vere ein mogleggjerar
Sikkerheit handlar likevel ikkje berre om å avgrense og stenge.
Ålesund kommune viste korleis data frå tekniske anlegg kan brukast til analyse og betre avgjerder. Data frå mellom anna pumper, vassmålarar og andre sensorar kan gi eit betre grunnlag for drift og planlegging, og kunstig intelligens kan etter kvart bidra til å analysere større datamengder.
Vatn og avløp OT og IT eKommune 2026Men då må grunnlaget vere på plass.
God datakvalitet, kontroll med arkitekturen og sikre løysingar er nødvendig dersom kommunane skal kunne utnytte ny teknologi på ein trygg måte.
KI var også eit gjennomgåande tema på dagen. Ny teknologi gir nye moglegheiter, men stiller samtidig krav til informasjonstryggleik, personvern, styring og kompetanse.
Det viktige er at sikkerheit ikkje blir eit hinder vi går rundt, men noko som er bygd inn i måten vi utviklar tenester og tek i bruk ny teknologi på. Då kan sikkerheit vere ein føresetnad for utvikling, ikkje ein brems, seier Gjære.
Ser potensial for meir regionalt samarbeid
Mette Kristengård, leiar for fagnettverket for personvern og informasjonssikkerheit i Digi Møre og Romsdal, deltok på sikkerheitsdagen.
Ho meiner dagen viste både kor mykje godt arbeid som allereie skjer i kommunane, og kor stort potensial det er for å dele meir på tvers av etablerte samarbeid.
Det var nyttig å få sjå korleis kommunane på Sunnmøre arbeider konkret med desse problemstillingane. Mykje av det som vart presentert er relevant også for andre kommunar, og det er nettopp slike erfaringar vi bør bli flinkare til å dele på tvers i fylket, seier Kristengård.
Eit konkret døme er arbeidet med ISMS – styringssystem for informasjonstryggleik. Ei arbeidsgruppe i eKommune Sunnmøre har utvikla felles strukturar og rutinar som kommunane kan arbeide vidare med lokalt.
ISMS eKommune 2026For Kristengård er dette interessant også i arbeidet med fagnettverket.
Kommunane skal forhalde seg til mange av dei same krava og utfordringane. Vi treng ikkje utvikle alt kvar for oss. Eg ser fram til at fagnettverket kan vere ein arena der vi deler det som fungerer, lærer av kvarandre og vurderer kva vi kan utvikle vidare saman regionalt.
Ho understrekar samtidig at gode rutinar og styringssystem først får verdi når dei blir tekne i bruk i organisasjonane.
Det viktigaste er å få dette frå dokument og prosedyrar over i den daglege drifta. Informasjonssikkerheit og personvern må vere ein del av korleis kommunen arbeider, ikkje noko som berre blir handtert ved sida av.
Erfaringar som kan løftast vidare
For Digi Møre og Romsdal var dagen ei god moglegheit til å få betre innsikt i korleis kommunane på Sunnmøre arbeider med digital sikkerheit i praksis.
Det skjer mykje godt arbeid i kommunane og i dei etablerte IT-samarbeida. For Digi Møre og Romsdal handlar det om å sjå kvar vi kan kople fagmiljø, dele erfaringar og løfte gode initiativ inn i eit større samarbeid, seier Paul Ottar Tornes.
Han meiner arbeidet på Sunnmøre viser korleis kommunane kan bruke kompetansen og ressursane betre når dei samarbeider om utfordringar dei har til felles.
Når fleire kommunar allereie har investert tid og kompetanse i å finne gode måtar å arbeide på, bør vi undersøkje om erfaringane kan gi verdi også for andre. På informasjonssikkerheit og personvern er det mykje som talar for at vi bør samarbeide endå meir regionalt.
Sikkerheit må inn i alle lag
Sikkerheitsdagen viste også kor viktig det er å skape arenaer der medarbeidarar får tid til å lære, diskutere og dele erfaringar.
Digital sikkerheit handlar om teknologi, men også om leiing, ansvar, kompetanse, rutinar og kultur.
Det viktigaste eg tek med meg er at digital sikkerheit må inn i alle lag av kommunen. Samtidig ser vi kor mykje kompetanse som finst i kommunane og samarbeida våre. Klarer vi å kople dette betre saman, står vi sterkare som region, seier Tornes.
Digi Møre og Romsdal takkar eKommune Sunnmøre for invitasjonen og for ein godt gjennomført dag med høg fagleg relevans.
Arbeidet som skjer på Sunnmøre viser verdien av at kommunane samarbeider om både kompetanse, styring og konkrete sikkerheitstiltak – og gir eit godt utgangspunkt for vidare samarbeid i heile Møre og Romsdal.
Gratis tryggleikstenester for kommunane
Helse- og KommuneCERT tilbyr kommunar og fylkeskommunar tilgang til fleire verktøy og tenester som kan brukast for å kartleggje og styrkje den digitale tryggleiken.
Dette kan kommunane mellom anna ta i bruk:
- Hurtigtest – automatisert test av grunnleggjande sikkerheitssvakheiter
- Medlemsherding – systematisk herding og kontroll av Microsoft Active Directory
- Skytest – kontroll av konfigurasjonar i mellom anna Entra ID, Intune og delar av Azure
- Sikkerheitsskanning – skanning etter sårbarheiter, opne portar og svakheiter i e-postsikkerheita
- Kommunetest / inntrengingstest – meir omfattande tryggleikstesting når grunnleggjande herding er gjennomført
- OT-sjekkliste – anbefalte tiltak for betre tryggleik i operasjonell teknologi
Fleire av tenestene er tilgjengelege gjennom Nasjonalt beskyttelsesprogram (NBP).
Medlemskap er kostnadsfritt for kommunar og fylkeskommunar.
Les meir: Nasjonalt beskyttelsesprogram – Norsk helsenett